| Padlekurs i Pasvik | | |
 |
| Blir det du som tek storfisken i år? Foto: Leif Petter Grønmo | 12.-16.aug går padlekurset i Pasvik av stabelen. Vi inviterer aldersgruppa 14-20+ år og det er eit samarbeidsprosjekt mellom Øytun fhs og eigarorganisasjonane Acta- barn og unge i Normisjon, Norges Samemisjon Finnmarksområdet, Indremisjonsforbundet i Finnmark. Det er primært mynta på ungdom frå Finnmark, og Acta-ungdom i Troms.
Den siste villmark
Å få komma nær dei verkeleg ville element i Øvre Pasvik nasjonalpark, padle på stille vatn ein seinsommarkveld, kjenne gjedde og abbor bite på kroken, høyre vinden suse, tiuren som tek av mellom trærne og kanskje sjå bjørnespor er noko av det Pasvik kan by på.
Bibeltimar v/Ellenkoia
På leiren vil det vere kano(n)bra ord for dagen, sjølvsagt i kanoen på vatn. Vatnet er kjelda til liv og det levande vatnet er Den Heilage Ande som veller fram og gjev evig liv. Bibeltimar v/Ellenkoia ute i det fri, felleskap med andre ungdommar og mange utrulege ting du enno ikkje har sett. For ein kan ikkje sjå Jesus, men føle Han!
- "Let Jesus lead you" er namnet på ein song som treff målet med det å lage padlekurs/kanoleir. Jesus er seierherren i våre liv og Han åleine er grunnen til at vi no ynskjer å ta med ungdommen til villmarka i Pasvik, seier iniativtakar Magnar Hellesøy, Acta-leiar i region Nord.
Meld deg på her:
http://www.asser.no/leir/hellesoy.php?si...
|
| Skrevet av Magnar Hellesøy. Sist endret 17/04-2010. |
|